Nyutdannet i Veidekke Sogn og Fjordane 2027
Er du nyutdanna og ser på utfordringar som muligheiter?
Veidekke er Norge sitt største entreprenørselskap med prosjekt og anlegg over store delar av landet, og med betydeleg verksemd i Sverige og Danmark. Vi har rekordhøg ordrereserve, høgt aktivitetsnivå med mange spennande prosjekt i gong og på trappene. No søker vi 1-2 idérike og engasjerte nyutdanna som ynskjer å starte karriera si hos oss i Sogn og Fjordane. Vi ser etter deg som er nyutdanna innan relevante ingeniørfag eller har fagskulebakgrunn.
Søknadsfrist er 15. november 2026.
Dette vil du jobbe med
Din arbeidskvardag vil vere på eit bygge- eller anleggsprosjekt. Du vil få fagleg variasjon med oppgåver innan område som driftsoppfølging, innkjøp, HMS, ytre miljø og kvalitetssikring. Du vil og kunne få ansvar innan f.eks. kontrakt, prosjekteringsleiing eller tilbod/anbod, og mykje meir.
I løpet av det fyrste året hos oss inngår du i vårt nyutdannaprogram Fundament. Du vil delta på fire samlingar saman med dei andre nyutdanna det fyrste året. Programmet vektlegg nettverksbygging og erfaringsutveksling på tvers i Veidekke. Du vil få forståing for korleis vi løyser komplekse prosjekt, få kunde- og forretningsforståing og du blir godt kjent med Norge sitt største entreprenørselskap. I løpet av eit år vil du bli godt rusta til ei framtidig karriere hos oss.
Dette ser vi etter hos deg
Du er ein lagspelar og likar fellesskap, samarbeid og sterke fagmiljø. I Veidekke er vi spesialistar på heile leveransen til ein kunde og vi elskar fag, kompleksitet og samspel mellom menneske. Er du av typen som trur at dei beste løysingane oppstår når vi snakkar saman, tenker saman og jobber saman? Da er du kanskje ein av oss.
Vi tilbyr deg
Vi veit at det er størst sjanse for at du får ut potensialet ditt om du er trygg i jobben og at du får gode muligheiter til å utvikle deg som fagperson og/eller leiar. Då er det kanskje godt å vete at vi jobbar systematisk for å utvikle folka våre i kvardagen på prosjekt og gjennom kurs og kompetanseutvikling. I tillegg har vi mange gode tilbod til deg som tilsett, blant anna:
• Vi gir deg aksjar til ein verdi av 10 000 kroner og høve til å kjøpe aksjar med rabatt kvart år.
• Eit stort utval av bedriftsidrett og sosiale aktivitetar og organiserte ekskursjoner
• Ein fadder som du kan sparre ekstra godt med
• Gode muligheiter for å bygge deg eit solid nettverk
• Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar
• Ein framtidsretta jobb i ei næring i stor utvikling
• Gode kollegaer som heiar på kvarandre
• Firmahytter i store delar av landet
• Eiga bedriftshelseteneste
• Eit selskap som jobbar for å utvikle deg og dei rundt deg
• Kjekt på jobben! Vi snakkar meir om det på jobbintervjuet
Søknadsfristen er 15. november og oppstart vil vere sommar/haust 2027. Hugs å legge ved CV-en din og dine foreløpige karakterar. Vi har fortløpande opptak, så eit godt tips er å vere tidleg ute med å søke.
Om arbeidsgivaren
Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 43 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 7 800 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.
Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 15,3 milliardar (2025), og verksemda har ca 2 800 tilsette, der 1 550 er fagarbeidarar og 1 250 funksjonærar.
- Avdeling
- Bygg
- Rolle
- Øvrige/andre
- Steder
- Førde, Sandane, Sogndal, Volda
- Søknadsfrist
- 15. november 2026