Lærling Veidekke Bygg Sogn og Fjordane 2026
Vil du bli lærling i betong- eller tømrarfaget i Sogn og Fjordane 2026 i lag med Peder og Mathias? Vi søker etter totalt 6 lærlingar til våre avdelingar i Førde, Sogndal, på Sandane og i Volda.
Som lærling i Veidekke får du jobbe på ulike prosjekt, og kan sjå fram til ein kvardag som både er variert, utfordrande og lærerik. Vi set fagkompetanse høgt og som lærling hos oss vil du få tett oppfølging av instruktør og fagansvarleg i Veidekke, i samarbeid med eit opplæringskontor på vegen til eit fagbrev.
Du vil jobbe saman med erfarne kolleger som meir enn gjerne deler sin kunnskap og sine erfaringar med deg. I tillegg får du lønn under heile læretida, noko som gjer at du kanskje slepp å ende opp med eit stort studielån etter endt utdanning.
Opplæringskontor og lærlingprogram
Veidekke har lange tradisjonar med å rekruttere lærlingar, og vår satsing på lærlingar er den viktigaste kjelda til rekruttering av eigne fast tilsette fagarbeidarar.
Ved utgangen av 2025 har vi omlag 300 lærlingar i Veidekke, der 215 er i Norge, og no satser vi vidare. Våre lærlingar er tilknytta Byggopp samt lokale tverrfaglege opplæringskontor. Opplæringskontora sikrar kvaliteten i opplæringa og oppfølginga av deg som lærling. Du vil ha individuelle oppfølgingssamtalar hver 6. mnd. I desse samtalane deltek lærling, instruktør samt fagleg leiar.
I løpet av læretida deltek du på minst ei lærlingsamling felles for alle lærlingane i Veidekke i Norge. Her kårer vi årets lærling i Veidekke og du kan bli kjent med andre lærlingar i ditt eige fag eller i eit av dei andre 21 faga vi har lærlingar i. Vi er opptekne av at lærlingane legg til seg gode vanar for å ta vare på eiga helse og sikkerheit. Som eit ledd i dette skal du som lærling delta på «lærlinghelsedagane». Dette er eit program som vert gjennomført i samarbeid med Olympiatoppen der kosthald, trening, påkledning, rusmiddel samt riktig ergonomisk arbeidsteknikk står sentralt.
Om deg
Du må like å jobbe strukturert og du må trivast med å jobbe saman med andre. Vi ynskjer også at du er nøyaktig og tek HMS på alvor. Ingenting er viktigare enn at alle som jobber for oss, kjem trygge og heile heim kvar dag. For å bli lærling hos oss, må du også vere punktleg og du må syns det er kjekt med utfordringar, lære og utvikle deg og levere godt fagleg arbeid.
Når du søker lærlingplass, må fylgjande vere med:
Karakterutskrift inkludert fråvær
CV og evt. attestar – søknadsbrev er valfritt, men skriv gjerne nokre ord om deg sjølv og i kva del av distriktet vårt du helst vil jobbe i.
Vi har fortløpande opptak, så vi anbefaler å vere tidleg ute med å søke. Frist er 3. mai.
Les meir om det å vere lærling i Veidekke og kva fag vi har retta mot vår lærlingordning her.
For nærare informasjon om lærlingutlysninga ta kontakt med Christine Aagård Midthjell, telefon 91612897.
Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 41 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 8 000 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.
Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 14,9 milliardar (2024), og verksemda har ca 2 900 tilsette, der 1 600 er fagarbeidarar og 1 300 funksjonærar.
- Avdeling
- Bygg
- Rolle
- Lærling
- Steder
- Førde, Sogndal, Sandane, Volda
- Søknadsfrist
- 3. mai 2026