Prosjektleder Førde
Vil du bli vår nye Prosjektleder i Førde? Vi ser etter deg som vert trigga av utfordringar, likar samarbeid, involvering og spennande byggeprosessar!
Vi har store og spennande prosjekt på gang, og ynskjer å styrke laget med ein prosjektleiar med erfaring. Veidekke har eit sterkt fokus på menneska i organisasjonen og forventar at du er med og bidreg til å gjere oss betre som organisasjon. Vi har stort fokus på innovasjon og samarbeider både på tvers av prosjekt og distrikt.
Vi jobber primært med prosjekt innan private næringsbygg, bustader, offentlege formålsbygg og anleggsrelaterte prosjekt.
Profil
Som prosjektleiar har du ansvaret for å leie prosjektet i mål på tid, kost og kvalitet. Det betyr at du skal legge til rette for at alt går som det skal, frå kontrakt til økonomistyring, framdrift, kvalitetssikring og miljøomsyn. I tillegg får du delta i tilbodsarbeid, kalkulasjon og prosjektutvikling.
Du leier dialogen med kundane, passer på at teamet ditt har det bra og sørger for framdrifta i prosjektet. Du held og auge med bemanning, HMS og innkjøp. Du vil jobbe i team saman med dyktige medarbeidarar i Veidekke og leverandørar/UE/rådgivarar. Som prosjektleiar inngår du i vårt PL-nettverk.
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har både ein teoretisk bakgrunn og byggeteknisk erfaring. Vi tenker at fylgjande er sentrale områder du kjenner deg att i, trivast med og vert utfordra av:
Godt humør, stå-på-vilje, likar å jobbe i team – flink med folk!
Inspirerande leiar, kreativ og strukturert
Bachelor/Master innan byggfag eller teknisk fagskule
Allsidig erfaring frå bygg eller anleggsprosjekt
God kommersiell forståing
God muntleg og skriftleg framstillingsevne, i tillegg til aktiv bruk av digitale verktøy
Gode norskkunnskaper
Trivast både i felten, på brakka og kontoret
Vi ynskjer å få med deg som har tru på eiga gjennomføringsevne. Du tek eigarskap til prosjekta, evner å motivere, ser mulegheiter, er resultatbevisst og kreativ. Det er viktig at du er initiativrik og handlekraftig. I Veidekke får du ansvar om du tek ansvar. Gode idear, godt samspel og involvering er sentrale tema hos oss, og du må ynskje å utvikle deg sjølv og teamet du jobbar i. Kort fortalt: Du er ein leiar med stort pågangsmot, er beslutningsdyktig og ein god lagspelar.
Vi tilbyr
Hos oss blir du ein del av eit miljø der vi ler mykje og støttar kvarandre gjennom tjukt og tynt. Her deler vi kunnskap, leverer gode resultat og veks saman. Og ja, vi har det skikkeleg kjekt undervegs.
Du får ei sentral leiarrolle og får jobbe med spennande prosjekt i Sunnfjord og resten av distriktet saman med trivelege kollegaer i eit sterkt fagleg miljø. Vi ynskjer å vere ein organisasjon der alle blir sett, med stor fridom og høve for involvering og utvikling. Ein får ansvar og tillit, og kunde, HMS og kontinuerleg forbetring står øvst på agendaen.
Du får konkurransedyktige vilkår, inkludert bonusordning, aksjeordning for medeigarskap, og gode pensjons- og forsikringsordningar. Vi har bedriftshytter og ulike sosiale arrangement.
Har du spørsmål eller vil vite meir om stillinga? Vi tek gjerne ein prat med deg.
Kontakt Bjørnar Haveland, Avdelingsleiar Veidekke Bygg Førde tlf 920 23 650.
Om arbeidgivaren
Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 41 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 8 000 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.
Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 14,9 milliardar (2024), og verksemda har ca 2 900 tilsette, der 1 600 er fagarbeidarar og 1 300 funksjonærar.
- Avdeling
- Bygg
- Rolle
- Prosjektleder
- Steder
- Førde
- Søknadsfrist
- 16. januar 2026