Lærling i Veidekke Bygg Sogn og Fjordane
Er du vår nye lærling i tømrar- eller betongfaget? Vi treng deg på laget i Nordfjord, i Sunnfjord, i Sogn eller på søre Sunnmøre!
Som lærling i Veidekke får du jobbe på ulike prosjekt og anlegg og kan sjå fram til ein kvardag som både er variert, utfordrande og lærerik. Vi set fagkompetanse høgt og som lærling hos oss vil du få tett oppfølging av instruktør og fagansvarleg i Veidekke, i samarbeid med eit opplæringskontor på vegen til eit fagbrev.
Arbeidsstad
Nordfjord, Sunnfjord, Sogn, Volda
Selskap
Veidekke Bygg
Søknadsfrist
1. april 2025
Når kan du begynne?
August 2025 eller etter avtale
Veidekke Bygg Sogn og Fjordane søker etter lærlingar i betongfaget og tømrarfaget.
Du vil jobbe saman med erfarne kolleger som meir enn gjerne deler sin kunnskap og sine erfaringar med deg. I tillegg får du løn under heile læretida, noko som gjer at du kanskje slepp å ende opp med eit stort studielån etter endt utdanning.
Opplæringskontor og læringsprogram
Våre lærlinger er tilknyttet Byggopp og lokale tverrfaglege opplæringskontor. Opplæringskontora sikrar kvaliteten i opplæringa og oppfølginga av deg som lærling. Du vil ha individuelle oppfølgingssamtalar kvar 6. mnd. I desse oppfølgingssamtalane deltek lærling, instruktør samt fagligansvarleg/ fagleg leiar.
I løpet av læretida deltek du på minst ei lærlingsamling felles for alle lærlingar i Veidekke i Norge. Her vert årets lærling i Veidekke kåra, og du kan bli kjent med andre lærlingar i ditt eige fag eller i ein av dei andre 19 faga vi har lærlingar i. Vi er opptekne av at lærlingane legg seg til gode vanar for å ta vare på eiga helse og sikkerheit. Som eit ledd i dette skal du som lærling delta på «lærlinghelsedagane». Dette er eit program der kosthald, trening, påkledning, rusmidlar samt riktig ergonomisk arbeidsteknikk står sentralt.
Veidekke har lang tradisjon med å rekruttere lærlingar, og vår satsing på lærlingar er den viktigaste kjelda til rekruttering av eigne fast tilsette fagarbeidarar. Ved utgongen av 2024 hadde vi ca. 300 lærlingar i Veidekke, der ca. 200 av dei er i Norge.
Om deg
Du må like å jobbe strukturert og du må trivast med å jobbe saman med andre. Vi ynskjer også at du er nøyaktig og tenker sikkerheit i kvardagen. Ingenting er viktigare enn at alle som jobbar for oss, kjem trygge og heile heim kvar dag. For å bli lærling hos oss, må du også vere punktleg og du må synst det er kjekt med utfordringar, lære og utvikle deg og levere godt fagleg arbeid.
Når du søker lærlingplass, må følgande vere med:
- Karakterutskrift inkludert fråver
- CV og evt. attestar
- Søknadsbrev
Vi har fortløpande opptak, så vi anbefaler å vere tidleg ute med å søke. Frist er 1. april.
Les meir om det å være lærling i Veidekke og hvilke fag vi har rettet mot vår lærlingordning her.
Søknad og CV kan ikkje sendast på e-post til våre lærlingkontakter.
Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 43 milliardar kroner (2023), og halvparten av dei 8 000 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.
Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bustader, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 16,2 milliardar (2023), og verksemda har omlag 2 800 tilsette, der 1 600 er fagarbeidarar og 1 200 funksjonærar.
- Avdeling
- Bygg
- Rolle
- Lærling
- Steder
- Sogndal, Sandane, Førde, Volda
- Søknadsfrist
- April 01, 2025
Lærling i Veidekke Bygg Sogn og Fjordane
Er du vår nye lærling i tømrar- eller betongfaget? Vi treng deg på laget i Nordfjord, i Sunnfjord, i Sogn eller på søre Sunnmøre!
Laster inn søknadsskjema