Sommarjobb i Bygg Sogn og Fjordane 2026
Er du student og ser på utfordringar som mulegheiter?
Veidekke er Norge sitt største entreprenørselskap med bygge- og anleggsprosjekt over store delar av landet. I Sogn og Fjordane og på søre Sunnmøre søker vi no studentar til sommarjobb i vår byggverksemd frå juni - august 2026. Vi ser etter deg som studerar relevante ingeniør- eller økonomifag eller har fagskulebakgrunn.
Ein sommarjobb hos oss vil gjere deg godt kjend med våre prosjekt og produksjon. Her får du stifte kjennskap til mange av våre fag og folk, og du får eit godt innblikk i vår modell for prosjektgjennomføring.
Arbeidsoppgåver du kan få
Variasjon er nøkkelordet for ein sommarjobb hos oss. Alle prosjekt er ulike. Vi kan ikkje love deg alt, men du vil få bryne deg på ulike fag og oppgåver innan område som driftsoppfølging, HMS og kvalitetssikring. Vi ynskjer at sommarjobbstudentane skal bli kjent med vår produksjon og få vere med våre fagarbeidarar på ein eller flere produksjonsoppgåver. Du vil også kunne få oppgåver og tilpassa ansvar for oppfølging av underentreprenørar, stikning- og landmåling og prosjektering for å nevne noko.
I Veidekke jobbar vi med prosjekt og kontrakter heilt frå planleggingsstadiet til ferdigstilling. Det gir deg eit innblikk i og erfaring med særs mange fag, og ein kompleksitet som du kun finn hos entreprenørselskapa. I Veidekke er vi spesialistar på heile leveransen til ein kunde, og vi elskar fag, kompleksitet og samspel mellom menneske på alle nivå. Så det er fint om du tenker at det høyres spennande ut!
Dette ser vi etter hos deg
Vi ser etter deg som tek initiativ, likar utfordringar, menneske og teamarbeid. Du er interessert i kva ein utførande entreprenør gjer og har lyst til å bli betre kjent med oss i Veidekke.
Du må like å prøve nye ting, for vi kjem til å gje deg varierte oppgåver - om nokre er enkle, vil andre vere meir utfordrande. Om du veit at løysingar blir enda betre når du løyser dei i lag med andre, då trur vi du vil trivast i vår gjeng sommaren 2026.
Vi likar å ha det kjekt på jobb i Veidekke. Vi meiner det er samanheng mellom trivsel og kvalitet i arbeidet vi utfører og ein trygg og sikker arbeidsplass. Vi har sjølvsagt bransjen sine dyktigaste og hyggelegaste folk hos oss! Det er difor viktig at du kan utfordre deg sjølv og er komfortabel med å bli ein del av ein slik gjeng i løpet av nokre hektiske sommarmånader.
Vi gir deg
Ein sommarjobb hos oss vil gje deg praktisk erfaring som du kan ta med deg vidare i studiane. Både du og vi skal få utbytte av jobben du gjer. Og det er ikkje hemmeleg at vi nytter sommarjobbane til å vurdere eigna studentar til Veidekke sitt program for nyutdanna på eit seinare tidspunkt. Ein sommerjobb er difor både ein lærerik erfaring og ein inngangsport til jobb hos oss seinare. Lønn vert fastsett etter satsar for utdanningsløp og kor langt du er kome i studiane.
Praktisk info til deg som søker
Ein sommarjobb kan du ha frå juni og ut august. Oppstart og varigheit kan variere og vert avtalt nærare på intervju. Her er det fint om du veit kor lenge og når du kan starte opp i jobben.
Når det gjeld arbeidsstad er det fint om du spesifiserer kva for ei av dei fire avdelingane våre du vil jobbe i, og kva slags type prosjekt du ynskjer å ha ein sommarjobb på. Hugs å fortelle kort om din motivasjon for jobben i søknaden du lastar opp. Under intervju vil du også få meir informasjon om konkrete prosjekt. I vår byggverksemd jobbar du vanlegvis arbeidsveke (5 dagars-veke) og bur normalt heime, men vi har også reiseprosjekt om det høver for deg.
Søknadsfrist: 31. desember 2025. Vi har fortløpande opptak, så eit godt tips er å vere tidleg ute med å søke. Hugs å legge ved CV-en din og dine foreløpige karakterar.
Om arbeidsgjevaren
Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 41 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 8 000 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.
Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 14,9 milliardar (2024), og verksemda har ca 2 900 tilsette, der 1 600 er fagarbeidarar og 1 300 funksjonærar.
- Avdeling
- Bygg
- Rolle
- Øvrige/andre
- Steder
- Førde, Sandane, Sogndal, Volda
- Søknadsfrist
- 31. desember 2025