Nyutdanna i Veidekke Bygg Sogn og Fjordane 2026
- Er du nyutdanna og ser på utfordringar som mulegheiter?
Veidekke er Norge sitt største entreprenørselskap med bygg- og anleggsprosjekt over store delar av landet. I Sogn og Fjordane og på søre Sunnmøre søker vi 3-4 idérike og engasjerte nyutdanna som ynskjer å starte si karriere hos oss. Vi ser etter deg som er nyutdanna innan relevante ingeniørfag eller har fagskulebakgrunn.
Dette vil du jobbe med
Din jobbkvardag vil vere på eit byggeprosjekt. Du vil få fagleg variasjon med oppgåver innan område som driftsoppfølging, innkjøp, HMS, ytre miljø og kvalitetssikring. Du vil og kunne få ansvar innan til dømes kontrakt, prosjekteringsleiing eller tilbod/anbod, og mykje meir.
Som nyutdanna inngår du i Fundament, vårt program for nyutdanna. Her vektlegg vi erfaringsutveksling, nettverksbygging og sjølvleiing. Du vil delta på samlingar, webinarer og kurs med andre nyutdanna og i løpet av eit år vil du bli godt rusta til vidare personleg og fagleg utvikling.
Vi har sett vitskapsbaserte mål i tråd med Parisavtalen om å redusere våre klimagassutslepp med 50 % innan 2030 og nå netto null utslepp innan 2045. Målet for klimagassreduksjon vert følgt opp på linje med økonomiske mål og mål for HMS. Dette er mål vi tek med oss inn i våre prosjekt og som du får føle på i kvardagen din.
Dette ser vi etter hos deg
Du er ein lagspelar og likar fellesskap, samarbeid og sterke fagmiljø. I Veidekke er vi spesialistar på heile leveransen til ein kunde og vi elskar fag, kompleksitet og samspel mellom menneske. Er du av typen som trur at dei beste løysingane oppstår når vi snakkar saman, tenker saman og jobber saman? Da er du kanskje ein av oss.
Både notid og framtid stiller store krav til oss, til vår vilje til å tenke nytt og til vår evne til å tenke innovativt. Du må difor tore å utfordre vedtekne sanningar. Om du veit at løysingar blir enda betre når du løyser dei saman med andre, då høyrer du kanskje til i vår gjeng.
Vi tilbyr deg
Vi veit at det er størst sjanse for at du får ut potensialet ditt om du er trygg i jobben og at du får gode høve til å utvikle deg som menneske og fagperson. Då er det kanskje godt å vete at vi jobbar systematisk for å utvikle folka våre både i kvardagen i prosjekt og på kurs, samlingar og program for nyutdanna. I tillegg har vi mange gode tilbod til deg som tilsett, blant anna:
- Å eige eiga bedrift gjennom Veidekke sitt aksjeprogram for tilsette. I dag eig dei tilsette ca. 12 % av aksjane i selskapet. Det er unikt blant store selskap i Norge. Vi gir deg aksjer til ein verdi av 10 000 kroner så du kjem i gong med eigarskapet
- Eit stort utval av bedriftsidrett og sosiale aktivitetar og organiserte ekskursjonar
- Ein fadder som du kan sparre ekstra godt med
- Gode høve for å bygge deg eit solid nettverk
- Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein framtidsretta jobb i ei næring i stor utvikling
- Gode kollegaer som heier på kvarandre
- Firmahytter i store delar av landet
- Eiga bedriftshelseteneste
- Eit selskap som jobbar for å utvikle deg og dei rundt deg
- Gøy på jobb! Vi snakkar meir om det på jobbintervjuet
Vi har verksemd i store delar av landet, i byane og i distrikta. Gjer ei god vurdering av kor du vil søke og kva du helst vil jobbe med når du sender inn søknaden din. Søknadsfristen er 16. november og oppstart vil vere sommar/haust 2026. Hugs å legge ved CV-en din og dine foreløpige karakterar. Vi har fortløpande opptak, så eit godt tips er å vere tidleg ute med å søke.
Om arbeidsgivaren
Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 41 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 8 000 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.
Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 14,9 milliardar (2024), og verksemda har ca 2 900 tilsette, der 1 600 er fagarbeidarar og 1 300 funksjonærar.
- Avdeling
- Bygg
- Rolle
- Ingeniør
- Steder
- Sandane, Førde, Volda, Sogndal
- Søknadsfrist
- 16. november 2025