Betongarbeider Bygg Sogn og Fjordane
Veidekke Bygg Sogn og Fjordane søker dyktige betongarbeidarar til våre prosjekt i distriktet. Vi har prosjekt i både Nordfjord, Sunnfjord, i Sogn og på søre Sunnmøre.
Vi har fått nye og spennande oppdrag i distriktet vårt, og treng fleire betongarbeidarar. Vi ser etter både nyutdanna og deg med nokre års erfaring frå bransjen, som ynskjer å ta del i vår vidare utvikling i distriktet. Har du ikkje fagbrev, men har interesse for faget og ynskjer å ta fagbrev? Hos oss kan du ta fagbrev på jobb.
Som betongarbeidar har du ansvar for framdrift og produksjon med laget ditt. Du sørger for god flyt i produksjonen og har ein involverende arbeidsform. Veidekke er leiande i bruk av digitale verktøy på byggeplass, og du vil bli ein del av eit involverande, innovativt og framtidsretta arbeidsmiljø der BIM er ein del av vår kvardag.
I distriktet jobber vi vanlegvis 4- eller 5-dagers veke, samt i rotasjonsordningar. Dersom du er mobil og ynskjer å vekependle så er det høve til det. Men vi ynskjer fortrinnsvis at du er busett i vårt distrikt, dvs i «gamle» Sogn og Fjordane.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev eller relevant erfaring/kompetanse innan betongfaget. Vi tilset også vaksenlærlingar.
- Snakkar norsk, svensk eller dansk
Profil
Vi ynskjer at du er strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet
og service i arbeidet ditt. Og ikkje minst har stå-på-vilje og godt humør. Du er:
- Engasjert
- Kvalitetsbevisst
- Interessert i ny teknologi og digitalisering
- Har høgt fokus på HMS
Vi tilbyr
- Fast jobb i eit uformelt og godt arbeidsmiljø hos ein trygg og seriøs arbeidsgjevar
- Gode lønnsvilkår og ordningar for forsikring og pensjon
- Fri mobiltelefon
- Personleg verktøypakke
- Framtidsretta arbeidsmetoder, gode utviklingsmulegheiter og digitale løysingar
Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar og gode mulegheiter for kurs og opplæring hos oss. Gjennom vår ordning for aksjekjøp får du høve til å eige aksjar i eigen bedrift saman med dine kolleger. I dag eig omlag halvparten av tilsette i Veidekke 10 % av aksjane i selskapet, noko som er ganske unikt for store selskap i Norge.
Har du spørsmål eller vil vite meir om stillingane? Vi tek gjerne ein prat med deg.
Kristian Kleppe, Avdelingsleiar Veidekke Bygg Sandane tlf 951 99 675
Svein Even Dale, Avdelingsleiar Veidekke Bygg Sogndal tlf 913 00 429
Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 41 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 8 000 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.
Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 14,9 milliardar (2024), og verksemda har ca 2 900 tilsette, der 1 600 er fagarbeidarar og 1 300 funksjonærar.
- Avdeling
- Bygg
- Rolle
- Betongarbeider
- Steder
- Førde, Sandane, Sogndal, Volda
- Søknadsfrist
- 11. august 2025